Recebe uma resposta deste empregador
O teu currículo e carta de apresentação, adaptados exatamente ao que estão a contratar.
Furuly barnehage i Ådland søker fast 100% barne- og ungdomsarbeidar. Du blir ein del av barnehagen sin organisasjon og får medansvar for avdelinga di i tett samarbeid med pedagog og assistent, for å sikre god dagleg drift.
Krav: fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Du må vere løysningsorientert, samarbeidsvillig og fleksibel. Viktig: politiattest før tiltreding. Me tilbyr godt arbeidsmiljø, kommunalt avtaleverk og offentleg tenestepensjon.
Furuly barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Ådland i eit roleg boligområde. Barnehagen har fine turområde, med kort veg til både skog, vatn og sjø.
Du vert ein del av barnehagen sin organisasjon, som består av pedagogiske leiarar, fagarbeidarar, assistentar, og styrar. Som fagarbeidar/assistent vil du få medansvar for leiing av den avdelinga/barnegruppe du skal høyre til, i tett samarbeid med tilhøyrande pedagog og assistent/fagarbeidar. Samstundes må du ha evne til å sjå heilskapen, og barnehagen samle, som ein organisasjon. Du skal bidra til å sikra god kvalitet på den daglege drifta, og organiseringa av barnehagen. Og bidra til at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.
Løn etter utdanning og kvalifikasjonar, og i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Aktuelle søkjarar vil verta kalla inn til intervju.
Menn vert oppmoda om å søkja.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innenfor oppvekst og utdanning. ref. Lov:
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hindre for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.