Recebe uma resposta deste empregador
O teu currículo e carta de apresentação, adaptados exatamente ao que estão a contratar.
Kinn kommune søkjer helsesekretær til 100% fast stilling ved Legekontoret i Måløy. Kontoret har erfarne legar og personale, og tilbyr eit godt arbeidsmiljø midt i rådhuset med tilgang til helsestasjon og NAV. Arbeidsoppgåver inkluderer resepsjon, legevaktsarbeid, laboratorieoppgåver og tverrfagleg samarbeid.
Samfunnsnyttig stilling som krev god kommunikasjon, sjølvstende og teamføringsvilje. Søkjarar må ha relevant utdanning og vere interesserte i å utvikle seg i legevaktsmiljøet.
Kinn kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær.
Legekontoret har 9 faste heimlar og ein LIS1 knytt til kontoret. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering.
Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.
Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Convene betalingssystem.
Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200 . Av desse er det om lag 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du også helsestasjon, barnevern, NAV, administrasjon og servicekontor.