Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Krossleitet omsorgsbustad pluss i Lindås har ledig fast stilling som helsefagarbeidar. Du vil arbeide lange vakter på 12,5 timar og kvar fjerde helg, og byggje gode relasjonar med tenestemottakarane og deira pårørande.
Vi søkjer deg som er omsorgsfull og påliteleg, har vilje til å bidra i eit trygt miljø, og som kan dokumentere situasjonar i pasientjournalen. Erfaring frå miljøarbeid vert sett stor pris på, og det blir lagt vekt på støttande og fagleg utvikling.
Ønskjer du ein jobb der du kan bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell for andre? Ved Krossleitet omsorgsbustad pluss på Lindås får du høve til å byggje gode relasjonar og støtte menneske i å meistre sin eigen kvardag.
Vi har ledig ei fast stilling som helsefagarbeider frå 24.01.2027. Du arbeider langvakter på 12,5 timar og kvar fjerde helg.
Stillinga er for tida knytt til Krossleitet omsorgsbustad pluss, ein etablert bustad med ni tenestemottakarar og trivelege lokale med fellesareal.
Psykisk helse og rus, avdeling Lindås, er eit heildøgnsbemanna butilbod i eit tun av omsorgsbustader pluss.
Vi følgjer opp menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med eller utan avhengnadsproblematikk. Målet vårt er å skape trygge og gode butilhøve og støtte kvar enkelt i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.
Vi ser etter deg som er engasjert i arbeid med menneske og ønskjer å bidra til ein trygg og god kvardag for tenestemottakarane.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I tenesteområdet arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.
Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.