Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Seljetunet omsorg og rehabilitering i Stad kommune søker helsefagarbeidar/ling til fleire faste stillingar. Du blir tett på menneske, og får høve til å nytte fagkunnskap og personlege eigenskaper i eit støttande fagmiljø.
Hovudoppgåver er pleieoppgåver, dokumentasjon og samarbeid med pårørande og tverrfaglege team. Det blir lagt til rette for opplæring og moglegheit for fagbrev under tilsette.
Vil du ha meir samanhengande fritid og påverke eigen turnus?
Vi har frå dags dato fleire ledige faste stillingar i ulike stillingsstørrelsar og helg som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Assistentar er òg velkomne til å søkje med oss.
Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks måneder prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Heidi Munch Starheim,Einingsleiar Seljetunet,48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Stine Fylling,Avdelingsleiar Seljetunet,98482449
6740Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5184938747
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff‑festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Helgestillingar og tilkallingsvikarar i Heimetenesta Selje og Stadlandet