Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Sveio kommune søker helsefagarbeidar i ein fast nattstilling på 65,7 % frå 01.01.2027 ved Stemhaugen bu-eining i Sveio sentrum. Du vil jobbe tett i eit lite team og bidra til fagleg forsvarleg oppfølging av brukarane i natt.
Stillinga krev fagbrev som helsefagarbeidar, fleksibilitet og ei løysingsorientert tilnærming i travle periodar. Arbeidet er knytt til tenester for personar med variert hjelpebehov og inneber miljøarbeid etter tiltaksplanar.
Eining for habilitering, avdeling Stemhaugen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming og samansette behov.
Vi søkjer no etter ein helsefagarbeidar i 65,7 % fast nattstilling frå 01.01.2027.
Hos oss vil du jobbe tett i team med gode kollegaer. Er du utadvend, sosial og fungerer godt i eit lite team, kan dette vere stillinga for deg. Stillinga har sju nattevakter à 10 timar per tre vekers turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.