A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge fjell. Her får du arbeide i eit døgnbemanna omsorgssenter som fokuserer på brukaren og eit inkluderande, erfart team.
Stillinga er 60% fast som helsefagarbeidar frå 14.12.2026. Tilsette får god pensjonsordning, moglegheit for vidareutdanning og eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgde for utvikling.
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Geiranger omsorgssenter har ledig:
Kvifor velje oss:
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der deifleste tenestepensjonarkun vert utbetalt i 10 år, eroffentleg tenestepensjon eiutbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Elisabeth Jelle,Einingsleiar,+47 46411183
Maråkvegen 36
6216Geiranger
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5200475615
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 14.12.2026
Søknadsfrist: 10.11.2026