Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Bremanger kommune søker ein helsefagarbeidar til ein fast 100% stilling i bemanningsbasen ved Bremanger sjukeheim. Du blir ein del av eit fagmiljø som samarbeider tett og set pris på humor og støttande kollegaer.
Arbeidskvardagen er variert med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, og turnusarbeid som gir påverknad på arbeidstid og fritid.
Er du helsefagarbeidar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% helsefagarbeidarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer.
Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.
Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:
Vi ser etter ein helsefagarbeidar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar.
Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5175675955
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2026