A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Avdeling heimetenester og TTF i Fyresdal kommune søkjer fleire dyktige medarbeidarar for å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi legg vekt på at du kan vere med i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
Du må vere tålmodig, kunne takle ulike situasjonar med brukarane og vere imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande. Lønn etter gjeldande tariffavtale og vilkår blir gitt i samsvar med Fyresdal kommunes praksis.
TTF søkjer fleire dyktige medarbeidarar. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode!Søknadar vil bli behandla fortløpande. Ta gjerne kontakt ved spørsmål.
Vere tolmodig og kunne stå i ulike situasjonar med brukarar.
Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
Målretta miljøarbeid
Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
Vi søker fortrinnsvis personar som har erfaring frå å jobbe med menneske.
Vernepleiar/sjukepleiar oppmodast til å søke
Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
Førarkort klasse B vil vere ein fordel.
Løn etter gjeldande tariffavtall
Tilsetjingsvilkår
Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.