Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Klepp kommune søker ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til ei fast helgestilling. Arbeidet skjer kvar 2. helg med moglegheit for ekstravakter etter avtale, i rus- og psykiatritenesta.
Du vil bidra til å styrkje brukarane sine eigne ressursar gjennom tiltak, støttesamtalar og relasjonsbygging, med dokumentasjon i fagsystem og tett samarbeid med pårørande. Krever god norskkunnskap og grunnleggande digitale ferdigheiter.
Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø?
Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til ei fast helgestilling med arbeid kvar 2. helg i vår rus- og psykiatriteneste.
Hos oss får du moglegheit til å arbeide innan eit spennande og meiningsfylt fagfelt, der du bidreg til å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar for menneske med utfordringar knytt til rus og psykisk helse.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet i tenestene. Stillinga passer godt for studentar innan helse- og sosialfag, fagarbeidarar eller andre med interesse for arbeid innan psykisk helse og rus.
Arbeidstid: Kvar 2. helg, med moglegheit for ekstravakter etter avtale.
Du skal bidra til å styrkje brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjær oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ser etter deg som:
Vi er opptekne av å finne rett person til stillinga. Evne til relasjonsbygging, engasjement for brukargruppa og motivasjon for å bidra til gode tenester vil bli tillagt stor vekt. Studentar innan relevante helse- og sosialfaglege utdanningar vert oppmoda til å søkje