A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Osterøy kommune søker tilsette til helgestillingar i Heimetenesta frå november 2026. Stillingane er faste og med arbeid kvar, inkludert helg. Arbeidsoppgåvene omfattar omsorg til brukarane i deira heim, vurdering av helsetilstand og samarbeid med andre i teamet.
Det blir lagt vekt på kommunikasjonsevner, sjølvstendig og lagspel, samt evne til fleksible arbeidstider. Opplæring blir gitt på arbeidsplassen, og politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Stillingstittel Helgestilling i Heimetenesta frå november 2026
Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledigehelgestillingar frå november 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passer difor godt for deg somfor eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenestertil heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.
Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.
Intervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 20. oktober, og ein må ha moglegheit til å møte då.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide -og livet ut!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Ledige helgestillingar på Osterøytunet - avdeling for personer med demens