Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Ulstein Verft AS i Ulsteinvik søkjer Head of Logistics som skal leie og utvikle logistikkfunksjonen i våre prosjektleveransar.
Ansvarsområda omfattar planlegging, koordinering og gjennomføring av vareflyt frå ordre til levering, inkludert transport, varemottak, lagring og retur. Du byggjer sterke relasjonar internt og fungerar som støttespelar for prosjekt, produksjon og andre avdelingar, og stillinga har ikkje personalansvar. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og pensjonsordningar.
Likar du å organisere, ta ansvar og skape resultat ilag med andre?
Bli med oss som Head of Logistic!
ULSTEIN sitt engasjement for innovasjon, pålitelegheit og kundetilfredsheit har gjort oss til ein leiande aktør i den maritime industrien. Ulstein Verft leverer avanserte spesialfartøy til offshore energi- og havnæringane over heile verda, med teknologi, kvalitet og innovasjon i sentrum. Lager og logistikk spelar ei nøkkelrolle i gjennomføringa av prosjekta våre. Når vår mangeårige kollega no går av med pensjon, søkjer vi ein ny medarbeidar som vil ta stafettpinnen vidare. Vi ser etter deg som trivst med, planlegging, koordinering og ta ansvar for å skape resultat ilag med andre. I stilling som Head of Logistics vil du ha ei sentral rolle i eit engasjert, framover lent og triveleg arbeidsmiljø.
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innen kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Se flere stillinger Hjemmeside Bli kjent med Ulstein Verft AS