Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Rauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule søkjer ein grunnskulelærar i 100 % fast stilling ved Måndalen skule. Skulen er ny, med moderne fasilitetar og rundt 100 elevar. Arbeidet fokuserer hovudsakleg på 1.–7. trinn, og det kan vere aktuelt med kontaktlæraransvar.
Stillinga krev utdanning som grunnskulelærar 1.–7. eller allmennlærar 1–10, og det blir lagt vekt på samarbeid og fleksibilitet i lag med kollegaer.
Grunnskulelærar i 100 % fast stilling per tiden ved Måndalen skule.
Måndalen skule er ein ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Vi er ein oversiktleg 1.–10.-skule med rundt 100 elevar og 20 tilsette. Hos oss kjenner vi elevane godt, samarbeider på tvers av trinn og har korte vegar frå idé til handling. Skulen ligg tett på naturen, som vi gjerne nyttar som læringsarena. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule – Rauma kommune. Måndalen skule - Rauma kommune
Grunnskulelærar i 100 % fast stilling per tiden ved Måndalen skule.
Måndalen skule er ein ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Vi er ein oversiktleg 1.–10.-skule med rundt 100 elevar og 20 tilsette. Hos oss kjenner vi elevane godt, samarbeider på tvers av trinn og har korte vegar frå idé til handling. Skulen ligg tett på naturen, som vi gjerne nyttar som læringsarena. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule – Rauma kommune. Måndalen skule - Rauma kommune
Bur du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga her: Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga - regjeringen.no
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no .
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`enmed utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning.Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.
Link til søknadsskjema: Søk her
Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!