Det er ledig 100% vikariat som fysioterapeut frå dags dato til 20.4.27 i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen.
Arbeidsoppgåver
- I stillinga treng me nokon som er trygg på å leie gruppetimar, gjerne både i sal og basseng.
- Stillinga er også retta mot behandling og rehabilitering av vaksne og eldre personar på helsesenteret, heime og i institusjon.
- Helsesamtalar og andre oppgåver gjennom frisklivssentralen kan bli aktuelt.
- Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta.
Sentrale Ansvarsområde
- Leiing av gruppetimar
- Sjølvstendig arbeid med pasientar og frisklivsdeltakarar.
- Samarbeid med kollega og andre faggrupper
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent fysioterapeut.
- Godkjend politiattest
- Du må vere trygg på å leie gruppetimar.
- Erfaring frå kommunehelsetenesta, førebyggjande arbeid og pasientbehandling er ønskjeleg.
- Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er ein fordel
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Personlege Eigenskapar
- God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Evne til å motivere og skape engasjement
- God rolleforståing og arbeidskapasitet
- Fleksibel og løysningsorientert
- Påliteleg og lojal
- Gjennomføringsevne
- Utviklingsorientert
- God kommunikasjonsevne
- Systematisk og strukturert
- Gode sosiale eigenskapar
Me Tilbyr
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova
- 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.