Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Førde HF søker ein dialysesjukepleiar til sommaren 2027 ved Dialyseavdelinga i Førde. Du får arbeidstid frå måndag til laurdag kl. 08:00–15:00 og vil vere ansvarleg for å gjennomføre og overvake dialysebehandlingar for pasientar med kronisk nyresvikt.
Vi søkjer deg som har erfaring med hemodialyse, kunnskap om Fresenius 5008 eller liknande og godt norsk i skriftleg og munnleg form. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kompetanse; lønn og pensjonsordningar er som per
Medisinsk avdeling - Dialyseposten søkjer sjukepleiar til sommaren 2027.
Avdelingautfører hemodialysebehandling for pasientar med kronisk nyresvikt. Vi har åtte dialyseplassar og nyttar behandlingsmaskina Fresenius 5008.
Vi ønskjer at du opplyser i søknaden kva periode du kan arbeide.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.