A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer sommervikarar til Seksjon for Medisinsk logistikk og kontor, med krav om serviceinnstilling og fokus på kvalitet. Ferieperioden er 21.06.27 til 22.08.27, og du blir fordelt etter sektorane sine behov. Det kan vere ei til to veker med opplæring før ferieperioden.
Tilsetjing skjer fortløpande, og søknaden bør innehalde tidspunkt du kan arbeide i perioden. Krav om politiattest føreset vi ved tilsetting. Løn i tråd med gjeldande overeinskomst.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Seksjon for Medisinsk logistikk og kontor SNR treng ferievikarar i perioden 21.06.27 tom 22.08.27.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter seksjonane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region,sjå her .
Konst. seksjonsleiar, Medisinsk logistikk og kontor SNR
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenestai Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere"På lag med deg for helsa di."Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.Vi ønskjer ikkjekontakt medannonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no