Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna søker dyktige LIS1-vikarar til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden 2027 (veke 25–33).
Søkjarane må kunne framlegge norsk lisens som medisinstudent eller LIS1 innan oppstart, eller norsk autorisasjon som lege. Prioritet vert gitt for tilgjengelege søkjarar som kan arbeide i minst seks veker.
Helse Fonna søkjer dyktige LIS1-vikarar til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden 2027 (veke 25–33).
I søknaden ber vi deg opplyse om kva sjukehus du ønskjer å prioritere. Du kan også oppgi kva klinikk og/eller avdeling du helst vil arbeide ved.
Dersom du ikkje har høve til å arbeide heile perioden, ber vi deg oppgi kva tidsrom du kan arbeide. Vi vil prioritere søkjarar som kan arbeide i minst seks veker.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.