Stillingstittel Eining helse. Tilsetjing fastlegar i Gulen kommune
Fleksibilitet kring arbeidstid kan leggast til rette for.
Hovudkontoret til legane ligg i Eivindvik. Det er 3 legestillingar ved kontoret, som alle er organisert som fastlønsstillingar. Det er i tillegg LIS1- lege. Kontoret har koordinator og legesekretærar som støttepersonell. Kjenneteikn ved arbeidsmiljøet er; godt humør, godt samarbeid, ein trygg arbeidskvardag med høve til faglege diskusjonar og rettleiing.
Arbeidsoppgaver
- Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Fastlegelistene har for tida eit tak på 850 pasientar. Rammene til legane gjer høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
- Kommunen inngår i Nordhordaland legevaktdistrikt på ettermiddag/natt og helg. Den nye fastlegen må rekne med å delta i legevakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom dei tre legane. Dersom det lar seg gjennomføre for drifta, tilrettelegger kommunen for tilpassing av arbeidsdag når lege har legevakt i Knarvik.
- Ynskjeleg med lege med vaktkompetanse
Personlege eigenskapar
- Sidan legetenesta i Gulen kommune er eit relativt lite legekontor med ein travel og spennande arbeidskvardag, er det viktig at legane er stabile og kan bidra i arbeidsfellesskapet ved å vere sjølvstendig, pliktoppfyllande og yte tenester av god fagleg kvalitet.
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering