Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Hå kommune utlyser eit vikariat som fastlege i legetenesta i Hå med snarleg oppstart. Vikariatet varer til 01.02.2027, og frå februar 2027 vil det vere eit 6-månaders vikariat ved Hå sjukeheim. Mulighet for søknad om begge stillingar samla, og einegradert stilling kan tilretteleggjast.
Sjølvstendig arbeid i samarbeid med andre vert vektlagt. Politiattest må leverast før start. Attestar og vitnemål skal lastast opp digitalt i søknaden.
Det er ledig eit vikariat for fastlege i legetenesta i Hå med snarleg oppstart. Dette vikariatet varer til 01.02.2027 men det vil frå februar 2027 vera ledig eit 6 månaders vikariat ved Hå sjukeheim og det er mogleg å søkja begge to samla om ønskeleg. Det er og mogleg å leggja til rette for gradert stilling til ein viss grad. Sjukeheimen har status som utdanningsinstitusjon i allmennmedisin fôr institusjonsdelen av utdanninga.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål digitalt saman med søknaden din.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.