A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ellen Eiken søker ein assistent til avdeling for sjukepleie i Vestland, Haugland. Stillinga er 15 % fast og går i to-delt turnus med vakter kvar tredje helg.
Du bør vere interessert i menneske og rehabilitering, kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner, samt beherske norsk skriftleg og munnleg. Politiattest krevjast før tiltreding.
Vi har ledig ei 15 % fast stilling som assistent på avdeling for sjukepleie. Ein jobbar i to-delt turnus med vakter kvar 3. helg.
Stillinga passar for deg som er interessert i menneske og vil lære meir om rehabilitering. Du må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.Du må og kunne beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
For å jobbe som assistent bør du helst vere fylt 18 år, men yngre kan og verte vurdert.
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Jobben består mellom anna i å hjelpe til ved stell, følge og delta i pasientaktivitetar. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men har og sjølvstendige oppgåver.
God opplæring
Varierte arbeidsoppgåver
Eit godt arbeidsmiljø
Gode velferdsordningar
Konkurransedyktige vilkår