Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestre Slidre kommune søkjer etter ein nytenkjande helse- og sosialfaglig profesjon for ein 80% fast stilling i psykisk helse- og rusteneste. Du blir ein del av eit fagmiljø med tilsette som jobbar tett fram mot både barn, ungdom og vaksne i kommunen.
Stillinga omfattar oppgåver som klinisk arbeid, oppfølging av elevar og familiar, samt samarbeid med skule, oppfølging av vaksne med psykiske utfordringar og rusproblem. Fleksibel arbeidstid og god faglig utvikling ligg til rette.
Vestre Slidre kommune har ledig fast 80% stilling i psykisk helse- og rusteneste
Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg!
I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av firetilsette i til saman 3,7 årsverk.
Stillinga erledig fra 01.07.2027. Dersom det skjerendringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellomarbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta.
Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver,moglegheitertil fagleg utvikling oghøvetil å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Melanie Degen,Tenesteleiar Familie, helse og førebygging,94978343,Melanie.Degen@vestre-slidre.kommune.no
Slidrevegen 16
2966Slidre
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5198900174
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026