Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune i Bergen søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig person til å undervise maskintekniske fag og rettleiing av studentar ved Fagskulen Vestland. Stillinga inneber ansvar for oppfølging av studentar og samarbeid med kollegaer og næringsliv.
Arbeidsplassen ligg sentralt i Bergen sentrum, med fleksibel arbeidstid og moglegheiter for heimekontor. Lønnsvilkåra er konkurransedyktige, og etter- og vidareutdanning blir betalt av arbeidsgjevar.
Vil du være med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av maskinoffisersutdanninga? Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillinga for deg! Avdelinga i Bergen søkjer ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Geir Jakobsen,+47 92280836
Odd Frantzens plass 6
5008Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5195606597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026