Uma candidatura completa num minuto
Currículo e carta de apresentação personalizados, prontos a enviar.
Borgund vidaregåande skole søkjer faglærar i Restaurant- og matfag til 100 % fast stilling frå 01.03.27 eller etter avtale. Du vil planleggje og gjennomføre undervisning, vurdere elevar og gi tilbakemeldingar som fremjar læring og utvikling.
Du vil samarbeide med arbeidslivet, bidra i fagleg utviklingsarbeid og vere ein aktiv del av eit kollegium som delar erfaringar og held ei positiv læringskultur. Sidan skulen ligg i Møre og Romsdal, vil du kunne nytte moderne fasilitetar og godt utstyrte
Har du lyst til å undervise ved ein av dei største og mest moderne vidaregåande skulane i fylket?
Ønskjer du å vere ein del av eit engasjert fagmiljø som samarbeider tett for å gi elevane meistring og motivasjon for å bli yrkesklar?
Då kan du vere den læraren vi ser etter.
Borgund vidaregåande skole har ledig 100 % fast stilling som faglærar i Restaurant- og matfag fra 01.03.27, eller etter avtale.
Vi ønskjer ein medarbeider som:
Anna: Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Den som blir tilsett må levere politiattest.
Fagleiar Restaurant og matfag/kantina
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.