Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Bergen søkjer ein engasjert fagbioingeniør til seksjon for blodgiving ved avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Du blir sentral i fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og dagleg drift i ein avdeling med røynd og høg kompetanse.
Stillinga inneber varierte arbeidsoppgåver innan blodgiving og fagutvikling saman med kompetente kollegaer. Arbeidsdagen er 37,5 timar, og oppstart so snart som mogleg.
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Avdelinga har ledig fast 100% stilling som fagbioingeniør, fagstillinga er knytt opp mot seksjon for blodgiving . Som fagbioingeniør vil du ha ei viktig rolle i seksjonen og bidra til fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og dagleg drift. Det blir forventa at du arbeider i tråd med gjeldande prosedyrar og dei kvalitetskrava som er etablerte ved avdelinga.
Ved Seksjon for blodgiving møter vi blodgivarar som gjennom sitt bidrag er avgjerande for pasientbehandlinga. Vi legg stor vekt på at blodgiving skal vere ei trygg og positiv oppleving for alle givarar, prega av god service, kvalitet og omsorg.
Stillinga inneber varierte arbeidsoppgåver innan blodgiving og fagutvikling, i samarbeid med kompetente og engasjerte kollegaer. Dette er ei dagstilling med 37,5 timars arbeidsveke. Oppstart så snart som mogleg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.