Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Nissedal kommune ønsker Fjone barnehage ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar til 40% vikariat frå 04.01.2027 til 10.10.2027. Du vil delta i dagleg barnehagekvardagen, bidra til trygge relasjonar og stimulerande aktivitetar for barnane.
Du må gjerne ha fagbrev eller annen formell kompetanse, og andre fagbrev kan vere verdifullt. Politiattest må leggjast fram før tiltreding, og norsk munnleg kommunikasjonsferdighet er påkrevd.
Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd?
Fjone barnehage har ledig 40 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027.
I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge. Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget?
Politiattest må leggast fram før tiltreding.
Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert, samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag.
Personleg eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt.
Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.