Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Nissedal kommune søkjer barne- og ungdomsarbeidar til Fjone barnehage i 100% vikariat frå 04.01.2027 til 10.10.2027. Arbeidet er innanfor ei lita, inkluderande barnehage som fokuserer på tryggleik, leik og meistring.
Du vil møte glade barn og samarbeide tett med føresette og kollegaer, og du må kunne kommunisere godt på nynorsk og norsk. Løn etter gjeldande tariffverk og kommunale ordningar.
Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd?
Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027.
I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge.
Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje du me treng med på laget?
Politiattest må leggast fram før tiltreding.
Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert, samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag.
Personleg eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt.
Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.
Maria Moland,Styrar Fjone barnehage,468 53 091,maria.moland@nissedal.kommune.no
Fjonevegen 2238
3855Fjone
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5205142509
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026