Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bygland kommune tilbyr to 100% mellombelse stillingar som fagarbeidar ved Byglandsfjord skule og Byglandsfjord barnehage, fram til 31.07.2027. Éin stilling startar snarast ved skulen, medan den andre startar 01.01.2027 ved barnehagen. Søkarar kan søke på begge eller opplyse kva dei føretrekkjer.
Alle elevar deltek i uteskule og aktivitetar, og vi legg vekt på eit trygt, inkluderande miljø og helsefremjande praksis. Søkjarar blir varsla om offentlegheitskrav jf. Offentleglova.
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for barn?
Byglandsfjord skule og Byglandsfjord barnehage har ledig to 100 % mellombelse stillingar som fagarbeidar fram til 31.07.2027.
Ei stilling er knytt til skulen med oppstart snarast, medan den andre er knytt til barnehagen med oppstart 01.01.2027. Søkarar kan søkje på begge stillingane eller opplyse i søknaden kva stilling dei føretrekkjer.
Om oss
Skulen og barnehagen ligg i same bygg sentralt i Byglandsfjord. Vi samarbeider tett om å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for barna våre. Nærmiljøet med fjord, skog og fjell er ein naturleg del av kvardagen vår og gir gode moglegheiter for leik, læring og aktivitet. Vi arbeider etter prinsippa for helsefremjande barnehage og skule. Ved skulen er fysisk aktiv læring ein naturleg del av undervisninga, og alle elevane deltek i uteskule ein halv dag kvar veke. I barnehagen står leseopplevingar, leik og vennskap sentralt i kvardagen.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan blei offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak fra offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25)
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.