Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Eksingedalen oppveksttun søkjer barne- og ungdomsarbeidar til eit 40% vikariat frå januar. Stillinga er primært knytt til barnehagen, men arbeid i skulen kan bli aktuelt.
Vi søker stabil, positiv og velkvalifisert medarbeidar som kan skape gode relasjonar, sette barnet og elevens beste i sentrum og arbeide sjølvstendig og fleksibelt. Menn vert oppmoda til å søkja.
Kven er vi?
Oppveksttunet har frå november 5 barn i barnehagen og 10 elevar frå 1. til 9. trinn.
Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper, og ei støttande bygd som heiar på barnehagen og skulen sin.
Vi har ledig eit vikariat i 40 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå januar. Stillinga er for tida knytt til barnehagen, men det kan òg bli aktuelt med arbeid i skulen.
Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir om alle prosjekta våre!
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søka.