A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Måseide barnehage i Sula kommune søker barne- og ungdomsarbeidar/assistent. Du vil bidra til omsorg, leik, undring og læring i eit trygt miljø saman med dyktige kollegaer.
Arbeidet krev at du følger gjeldande lover og rammeplan, har god kommunikasjon og samarbeidsevne, og er villig til å lære og vere ein påliteleg samarbeidspartner for foreldre og personale.
Vil du verte ein del av laget vårt?
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent søkast til Måseide barnehage. Vi har ledig ei fast stilling for deg som vil jobbe saman med oss for å løfte visjonen vår og det pedagogiske grunnsynet fram ialt vi gjer. Du som skapar tryggheit og gjer at barna får oppleve mestring gjenom gode opplevingar. Dusom er ein god kollega og ein støttespelar i møte med barn og føresette.
Vi søker deg som ønskjer å delta i ein barnehagekvardag med omsorg, leik, undring og læring i lag med aktive og nysgjerrige barn.
Arbeide i tråd med barnehagen sine verdiar og visjon.
Medvirke til ei pedagogisk verksemd av god kvalitet. Arbeide i samsvar med lovar, føreskrift, rammeplan,årsplan, vedtekter, etiske retningslinjer og målsettingar, og stillingsbeskrivelse. Gi ditt bidrag for at visaman er fagleg oppdatert og dyktige. Vere ein god samarbeidspartner for personal, forelder og eksternesamarbeidspartnarar.
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
God norskspråklege ferdigheiter (A2 skriftleg og B1 munnleg)
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
Kompetente kollega med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår
Anette Korsnes Andersen,Einingsleiar,+47 98636134
Myrbekkane 15 6036Mauseidvågen
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5209055155
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Måseide barnehage er ein 4-avdelings barnehage, som ligg lunt og skjerma til på same tomt som tidlegare Måseide skule i Mauseidvåg. I tillegg til barnehagen sitt uteområde har vi gapahuk og grue på uteområdet, i tillegg til gode turmoglegheiter i nærmiljøet - tilpassa ulike behov. Uteområdet vårt er oppgradert med mange nye leikeapparat.
Vi har to småbarns- og to storbarnsavdelingar. Vi har eit godt og tett samarbeid mellom alle avdelingane.
Barnehagen sin visjon, verdiar, pedagogiske målsettingar og satsingsområde ser vi på som vår misjon - vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar.
Vårt pedagogiske grunnsyn bygger på tanken om ein autoritativ vaksenstil, som blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar.