A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fløgstad skule i Sauda kommune søker en fagarbeidar i 80% fast stilling knytt til SFO og skule. Stillinga gjev høve til å vera med å skape eit trygt og inkluderande miljø for barn og ungdom.
Du vil delta i samarbeidet om planlegging, organisering og gjennomføring av pedagogisk tilbod, og vere ein tydelig vaksen som set grenser med omsorg og kjærleik.
Gode IKT- dugleikar vert vektlagt, og arbeid med føresette og kollegaer i ein hektisk kvardag krev fleksibilitet og struktur.
Fløgstad skule har frå 01.01.2027 ledig 80% fast stilling som fagarbeidar i SFO der ein del av stillinga er knyta til skule. Brenn du for å vera og gjera ein positiv skilnad for barn og unge, oppmodar me deg til å søkja.
Personlege dugleikar vil bli vektlagt
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga. Ved intern overflytting kan det bli ledige stillingar i andre enheter i oppvekstsektoren i Sauda kommune.
Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25.