Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Høgskulen på Vestlandet i Førde søkjer to fadderkoordinatorar som skal organisere fadderveka og sikre at nye studentar blir inkluderte i eit godt miljø.
Koordinering av aktivitetar krev samarbeid med høgskulen, studentorganisasjonar, lokalsamfoten og fadrane. Stillinga er eit engasement med 80 timar i lønnstrinn 35, og gir attest og referanse til CV. Søkjar må beherske norsk muntleg og skriftleg.
Ønsker du å gi dei nye studentane våren 2027 og hausten 2027 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vere med å skape engasjement i studentmiljøet?
Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatorane skal samarbeide om å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte.
Fadderkoordinatorane har ansvaret for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.
Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 80 timar* i lønnstrinn 35.Fadderkoordinator vil få attest og referanse til CV, dette er ein god mogelegheit for relevant arbeidserfaring innan leiing og koordinerande arbeid.
Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
*Timane er fordelt med 60 timar ved studiestart i haustsemesteret og 20 timar ved studiestart i vårsemesteret.