A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Teigen Bygg & Trelast AS søker erfarne tømrarar/snikkarar til å styrke laget i Husnes. Selskapet er ein langvarig, lokalt forankra verksemd etablert i 1985 og ein del av Bygger’n-kjeda, som driv byggevarehandel og entreprenørverksemd.
Du må vere fagbrev, sjølvstendig og ha ansvar for eigne prosjekt, samt kunne leie og følgje opp lærlingar. Kundekontakt og samarbeid med leverandørar er viktig i stillinga.
Vil du vere med å byggje framtida saman med oss?
På grunn av aukande oppdragsmengde søkjer Bygger'n Teigen no erfarne tømrarar/snikkarar.
Vi ser etter deg som har fagbrev, er sjølvstendig og ønskjer ansvar for eigne prosjekt.
Du trivst med kundekontakt, tek eigarskap til arbeidet ditt og er ein god rollemodell for lærlingar og yngre kollegaer.
Oppfølging og rettleiing av lærlingar
Kundekontakt og samarbeid med leverandørar og samarbeidspartnarar
Har relevant erfaring frå byggebransjen
Moglegheit til fagleg utvikling
Søknader vert vurderte fortløpande.
Teigen Bygg & Trelast AS er ei solid og lokalt forankra verksemd på Husnes, etablert i 1985. Vi er ein del av Bygger’n-kjeda og driv byggevarehandel, trelastlager og entreprenørverksemd.
Vi leverer byggjevarer, trelast, verktøy og fagleg rådgjeving til både privatkundar og proffmarknaden. Entreprenøravdelinga vår består av eigne prosjektleiarar og dyktige tømrarar som gjennomfører alt frå mindre oppdrag og rehabilitering til nybygg og større byggjeprosjekt.
Gjennom HEIM Boligsystem tilbyr vi også moderne og fleksible bustadløysingar tilpassa kundane sine behov.