A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Jakob Sande-senter for forteljekunst søker ein museumsvert og pedagog med fast arbeidsstad i Klokkargarden frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.
Senteret skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og arbeider for møte mellom menneske i alle aldrar gjennom formidling og arrangement. Stillinga kombinerer vertskapsoppgåver med pedagogisk arbeid og utvikling av formidlingstilbodet.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.
Sandesenteret skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og arbeider for at menneske på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt eige språk og uttrykk. No søkjer vi ein ny medarbeidar med fast arbeidsstad i Klokkargarden. Vi ser etter deg som evnar å skape gode møte mellom menneske i alle aldrar. Du er interessert i formidling, pedagogisk og praktisk arbeid, og har lyst til å bidra til at Sandesenteret held fram med å vere ein levande møtestad for litteratur, forteljing og kultur.
Stillinga som museumsvert og pedagog kombinerer vertskapsoppgåver med pedagogisk arbeid og formidling. Som vår museumsvert og pedagog vil du møte ulike publikumsgrupper og bidra til gode opplevingar for besøkande, skuleklassar og andre grupper. Du får ei sentral rolle i den daglege drifta av senteret og i arbeidet med å utvikle formidlingstilbodet og aktivitetane våre.
planlegge og gjennomføre pedagogiske formidlingsopplegg for skular og barnehagar
utvikle formidlingsopplegg og omvisingar for ulike målgrupper
ansvar for residenstilbodet med koordinering av søknadar og oppfølging av besøkande og skapande i residens, inkludert klargjering og praktisk tilrettelegging av residensbustaden
koordinere utleige av lokala
ha ansvar for drift av bokhandelen og krambua, inkludert opplæring av sommarungdom
ha ansvar for program og vertskap i samband med besøk og aktivitetar
planleggje og gjennomføre arrangement, omvisingar og andre aktivitetar ved senteret
ta del i den daglege drifta og praktiske oppgåver ved senteret
har interesse for kultur, formidling og forteljing
trivst med å formidle til både barn, unge og vaksne
er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
er positiv, serviceinnstilt og god til å møte ulike menneske
arbeider strukturert og trivst med varierte arbeidsoppgåver
er fleksibel og kan arbeide noko på kveldstid og i helgar, i samband med arrangement og andre aktivitetar ved senteret.
varierte arbeidsoppgåver i eit spennande kultur- og litteraturmiljø
ei stilling med rom for initiativ og utvikling
høve til å påvirke og videreutvikle det pedagogiske formidlingstilbodet ved senteret
fleksitid
løn etter avtale
Pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Erfaring med formidling, arrangementsarbeid eller museumsarbeid er ein fordel.
Stillinga kan tilpassast den einskilde. Oppmodar deg om å søke trass i om du ikkje har erfaring med alle oppgåvene frå før.
80 % engasjement, med moglegheit for vidareføring.
Søknadsfrist 8. november.