An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Linja søker energimontørar til Askvoll, Florø og Bremanger for å byggje og drifte nettanlegg opp til 132 kV.
Du blir med i dagleg drift og i beredskap, veileder lærlingar og bidrar til sikkert arbeid og HMS i teamet.
Krav: fagbrev som energimontør, førarkort klasse B; BE-tillegg er ønskelig; erfaring frå bygging og vedlikehald av nettstasjonar og kabelanlegg; god HMS-haldning og evne til å bruke digitale verktøy.
Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum. Vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.
Våre energimontørar har spennande arbeidsdagar, i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. No styrker vi miljøet vårt med tre montørar, i Askvoll, Florø og Bremanger
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.