An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Osland Settefisk i Sørebø søker driftsoperatør som skal jobbe med oppbygging og stell av ørret frå rogn til stor-smolt. Her møter du ein kvardag med fisk, teknologi, vedlikehald og praktiske oppgåver.
Du treng ikkje ha bakgrunn frå havbruk. Fagbrev eller erfaring frå røyr, elektro, bygg eller andre praktiske fag kan vere like relevant. Det viktigaste er at du er praktisk anlagt, tek ansvar og trivst i eit team.
Likir du praktisk arbeid, teknikk og ein variert arbeidsdag?
Vi søker driftsoperatør til settefiskanlegget vårt på Sørebø. Her jobbar du med ørret frå rogn til stor-smolt, i ein kvardag med fisk, teknologi, vedlikehald og praktiske oppgåver.
Du treng ikkje ha jobba med fisk før. Har du bakgrunn frå røyr, elektro, bygg eller anna praktisk arbeid, vil vi gjerne høyre frå deg.
Her må både fisken, teknikken og anlegget fungere. Vi ser difor etter folk som ser kva som må gjerast og tek tak i det.
Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, tek ansvar og har lyst til å lære.
Du treng ikkje ha bakgrunn frå havbruk. Fagbrev eller erfaring fra akvakultur, røyr, elektro, bygg eller andre praktiske fag kan vere like relevant.
Det viktigaste er att du:ppn
Hos Osland jobbar rundt 90 menneske med ulik bakgrunn og kompetanse. Nokre har høgare utdanning, andre er praktikarar med mange års erfaring. Det er kombinasjonen av folk, fag og erfaring som gjer oss gode.
Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.
Spørsmål om stillinga? Ta kontakt medKjetil Kalstad på 48055513.
Søknadsfrist: 10 okt
Søknadane blir vurderte fortløpande.