A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) søker ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald. Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig, og ein vil arbeide tett saman med driftsansvarleg.
Du må ha erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og trivast med praktisk arbeid. Fagbrev innan byggfag eller målarfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere.
Me søkjer ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald. Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig. Du vil arbeide tett saman med driftsansvarleg, som også vil vere din næraste overordna.
Me ser etter deg som har erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og som trivst med praktisk og variert arbeid.
Fagbrev innan byggfag, målarfaget eller anna relevant handverksfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du må ha førerkort kl. B.
Praktisk vedlikehald, mindre reparasjonar og bygningsmessige utbetringar
Tilsyn med bygg, eigedomar og tekniske anlegg
Kontakt med leigetakarar, brukarar og leverandørar
Bidra til å ivareta den daglege drifta ved fråvær hos driftsansvarleg
Ei stilling med ein variert arbeidskvardag og mange ulike oppgåver innan bygg, eigedom og vedlikehald
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid
Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er eit kommunalt aksjeselskap, heileigd av Bømlo kommune. BKE eig og forvaltar 156 kommunale utleigebustader, næringseigedom og tomter, med ein samla verdi på om lag 219 mill. kroner.
Hovudoppgåva til BKE er å tilby kommunale utleigebustader, trygde- og omsorgsbustader til personar som har behov for bistand på bustadmarknaden. Utleiga skjer i samarbeid med Bømlo kommune. Selskapet kan også utvikle, drifte, vedlikehalde og forvalte andre eigedomar til kommunale føremål.
BKE er ein liten organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid. Me held til i Hollundsdalen på Bømlo.