Dommarfullmektig

Anne Østberg Vikøren

Ullensvang

On-site

NOK 531,000 - 649,000

Full time

11 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Tverrfaglig arbeidsmiljø
Fadder i domstolen
Fleksible ordningar for fri, avspasér,
Introduksjonsprogram
Pensjonsordningar

Job summary

Hardanger og Voss tingrett søkjer ein dommarfullmektig til eit viktig samfunnsoppdrag. Stillinga krev sjølvstendig arbeid gjennom heile prosessen frå forberedelse til leing av rettsmøte og avgjerd.

Arbeidsplassen ligg i Ullensvang regionen med reising til Voss, Norheimsund og Odda. Ein fadder blir knytt til stillinga for fagleg og sosial støtte og integrering i eit kompetent fagmiljø.

Qualifications

  • Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat.
  • Relevant erfaring frå domstol, politiet eller advokatbransjen mv.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å forbetre arbeidsprosessar.

Responsibilities

  • Planleggje og gjennomføre sakene effektivt og med høg fagleg kvalitet.
  • Leie rettsmøte.
  • Sikre at avgjerdene får god kvalitet.
  • Bidra til eit godt fagmiljø ved å dele kunnskap og erfaringar.

Skills

Norskkunnskap
Formidlingsevne
Digitale verktøy

Education

Juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap

Job description

Vil du ha ei stilling der du får arbeide med eit breitt spekter av juridiske oppgåver og ta del i eit viktig samfunnsoppdrag?

Som dommarfullmektig får du rask oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Arbeidskvardagen vekslar mellom straffesaker, sivile tvistar og andre saker tingretten behandlar.

Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utvikle deg både som menneske og jurist. Du vil arbeide sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Du blir del av eit fellesskap med flinke og hyggelege kollegaer som samarbeider, støttar kvarandre og deler kunnskap. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt.

Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben må du kunne setje seg raskt inn i ulike problemstillingar, ta gode avgjerder og halde tidsrammene. Du møter menneske i ulike livssituasjonar og må kunne møte dei med respekt, også når situasjonen er krevjande.

Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g.

På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin.

Tinghuset er på Lofthus, og vi gjennomfører rettsmøte i rettssalane våre på Voss, i Norheimsund og i Odda. Stillinga inneber reising med bil til desse rettsstadene. Du må ha førarkort klasse B og disponere bil til bruk i tenesta.

Hardanger og Voss tingrett har tre dømande stillingar, medrekna domstolleiar, og tre saksbehandlarar. Hos oss vil du få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Arbeidsoppgaver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er å:

  • planleggje og gjennomføre sakene effektivt og med høg fagleg kvalitet
  • leie rettsmøte
  • sikre at avgjerdene får god kvalitet
  • bidra til eit godt fagmiljøved å dele kunnskap og erfaringar
Kvalifikasjoner

For å bli dommarfullmektig må du ha følgjande kompetanse:

  • juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
  • relevant erfaring frå domstol, politiet eller advokatbransjen mv.
  • gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
  • evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å forbetre arbeidsprosessar

Du må vere norsk statsborgar. Uttømmande politiattest vil bli innhenta.

Personlige egenskaper

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:

  • Du har høg etisk standard og integritet.
  • Du er fagleg dyktig, set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og har god vurderingsevne.
  • Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å ta vanskelege avgjerder.
  • Du leverer kvalitet, er effektiv og bidreg til god framdrift i sakene.
  • Du er robust og held ro og oversikt i krevjande situasjonar.
  • Du er løysingsorientert og finn praktiske løysingar i saksbehandlinga.
  • Du kommuniserer godt med partar og aktørar.
  • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Det vil bli lagt vekt på relevant juridisk arbeidserfaring og om du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
  • ein eigen fadder i domstolen
  • fleksible ordningar for fri, avspasering og høve til trening i arbeidstida
  • moglegheit for god referanse for vidare karriere
  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid og stort rom for fagleg utvikling
  • introduksjonsprogram og deltaking på relevante kompetansetiltak
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse

Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå ca. kr 590.000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Anne Østberg Vikøren,Domstolleiar,97723345,anne.ostberg.vikoren@domstol.no

Arbeidssted

Ullensvangvegen 855

5781Lofthus

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Hardanger og Voss tingrett

Referansenr.: 5210081799

Stillingsprosent: 100%

Annet

Søknadsfrist: 10.12.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Dommerfullmektig
Dommerfullmektig

Espen Bjerkvoll • Oslo fylke

Hybrid
NOK 768,000 - 833,000
Hjemmekontor mulighet
Fagmiljø i Oslo tingrett
Bedriftsidrettslag og treningsrom
Har du lyst til å jobbe i et spennende juristmiljø?
Har du lyst til å jobbe i et spennende juristmiljø?

Elin Helen Kvalvik Utvik • Trondheim

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Utvikling i fagmiljø
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor 2 dager/uke
+2
Dommerfullmektig
Dommerfullmektig

Oslo tingrett • Oslo fylke

Hybrid
NOK 768,000 - 833,000
Hjemmekontor mulighet
2-års engasjement
Erfarne dommere samarbeid
+3
Dommerfullmektig
Dommerfullmektig

DeepOcean • Hamar

On-site
NOK 504,000 - 616,000
Pensjonsordninger i SPK
Forsikringsordninger i SPK
Låneordninger i SPK
+2
Har du lyst til å jobbe i et spennende juristmiljø?
Har du lyst til å jobbe i et spennende juristmiljø?

Norges domstoler • Trondheim

On-site
NOK 650,000 - 825,000
Utviklingsmuligheter
Tverrfaglig miljø
Varierte og utfordrende arbeidsoppgave
+4
Trøndelag tingrett har ledig stilling som administrasjonssjef
Trøndelag tingrett har ledig stilling som administrasjonssjef

Trøndelag tingrett • Trondheim

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Saksbehandler - vikariat
Saksbehandler - vikariat

Romerike og Glåmdal tingrett • Lillestrøm

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Gode pensjons-, forsikrings- og låneav
Fleksibel arbeidshverdag med fleksitid
Gode pensjons-, forsikrings- og låneev
Saksbehandler - vikariat
Saksbehandler - vikariat

Heidi Bruvoll • Lillestrøm

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Fleksibel arbeidshverdag med fleksitid
Pensjons-, forsikrings- og låneordning
Gode pensjons-, forsikrings- og låneev
Saksbehandler
Saksbehandler

Heidi Bruvoll • Lillestrøm

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Utvikling av domstolene og deg selv
Tverrfaglig miljø
Varierte og utfordrende oppgaver
+1
Trøndelag tingrett har ledig stilling som administrasjonssjef
Trøndelag tingrett har ledig stilling som administrasjonssjef

Twoja Norwegia • Trondheim

Hybrid
NOK 900,000 - 1,200,000
Top locations