A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Klepp kommune søker ein digitaliseringsrådgivar som vil vere i skjæringspunktet mellom menneske og teknologi for å skape betre tenester og effektive arbeidsprosessar. Rollen inneheld prosjektleiing, endringsarbeid og implementering av nye fagsystem i helse og velferd.
Du vil bidra til å utnytta eksisterande løysingar, byggja digital kompetanse og utvikla eit e-helseteam. Kriseprevenda og samhandling med DigiJæren og DigiRogaland vil vere sentralt.
Ser du moglegheiter der andre ser etablerte arbeidsmåtar? Vi søkjer ein digitaliseringsrådgivar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske og teknologi for å skapa betre tenester og smartare måtar å arbeida på.
Kommunane i Noreg står overfor aukande krav til effektivitet, kvalitet, og tilgjengelegheit. Digitalisering er avgjerande for å møta desse forventningane. Dette handlar ikkje berre om å ta i bruk ny teknologi, men og om å forenkla arbeid, automatisera oppgåver og skapa betre flyt i arbeidskvardagen.
Som digitaliseringsrådgivar skal du bidra til å utvikla kommunen sine tenester og arbeidsmåtar gjennom smart bruk av teknologi. Du skal avdekkja flaskehalsar, utfordra etablerte arbeidsmåtar og leggja til rette for meir effektive arbeidsflytar. Rolla krev evne til å sjå samanhengen mellom menneske, prosessar og teknologi, og å omsetja strategiske mål til praktiske løysingar som skaper verdi for innbyggarar og tilsette.
Stillinga vil vera særleg knytt til tenesteområdet Helse og velferd. Kommunen er i ferd med å etablera eit tverrfagleg e-helseteam, der du vil få ei sentral rolle. Samtidig står tenesteområdet framfor fleire store endringar, mellom anna innføring av nytt pasientjournalsystem og utskifting av fleire sentrale fagsystem. Du vil bidra til at løysingar blir tatt i bruk og skaper gevinstar gjennom endringsarbeid, opplæring og tett samarbeid med tenestene. Du skal ha god kjennskap til systema, slik at du kan sørga for at dei vert utnytta fullt ut.
Klepp kommune er ein del av DigiJæren-samarbeidet, eit IT- og digitaliseringssamarbeid mellom kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå. Her vil du ha kollegaer i tilsvarande roller i dei andre kommunane og høve til å samarbeida om utvikling, erfaringsdeling og digitale satsingar på tvers av kommunegrensene.
Som digitaliseringsrådgjevar skal du blant anna:
Me ser etter ein person som identifiserer seg med kommunen sine verdiar:
Me tar i eit tak.
Me bryr oss.
Me tenker fritt.
Hos oss får du meir enn ein jobb. Du får stor grad av tillit, handlingsrom og moglegheit til å påverka korleis kommunen arbeider med digitalisering i åra som kjem.
Du blir ein del av eit fagmiljø som er oppteke av samarbeid, innovasjon og gjennomføring, og du får fridom til å forma eiga rolle og setja idear ut i livet.
Du får vera med og bygga opp eit nytt tverrfagleg e-helseteam og spela ei sentral rolle i innføringa av nye fagsystem og nye arbeidsformer.
Som digitaliseringsrådgjevar vil du og bli del av, og kan spela på, faglege nettverk både gjennom DigiJæren og DigiRogaland (heile fylket).
Du vil høyra til Digitaliseringsavdelinga i Klepp kommune, og svara til digitaliseringssjefen. I digitaliseringsavdelinga er det i dag to digitaliseringsrådgjevarar, i tillegg til dei som har ansvaret for IT-drift og IT-hjelp. Du har derfor kort veg til dei som kan hjelpa til med tekniske løysingar og tilrettelegging. Og gjennom IT-hjelp får du god kjennskap til kva tilsette har av utfordringar digitalt.
I Klepp har me fleksibel arbeidstid, og gode pensjons- og forsikringsordningar.