A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vinmonopolet i Måløy søkjer ein engasjert og dyktig butikkmedarbeidar til å gi god kundeservice og rettleiing om produkta våre. Stillinga er på 4 timar i gjennomsnitt per veke, og det blir lagt vekt på eit inkluderande arbeidsmiljø og opplæring undervegs.
Du må ha gode norskkunnskapar og fullført tre år i vidaregåande opplæring (eller tilsvarande). Det er ønskjeleg med god digital kompetanse, og du må vere ansvarleg når det gjeld aldersgrenser og trygg sal.
I butikken vår i Måløy jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg?
Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 4 timar i gjennomsnitt per veke. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!
Kva kan vi tilby deg?
Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
Personlege eigenskapar:
Kvalifikasjoner:
I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20.