A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Gjeraldstveit Mekaniske AS søkjer dagleg leiar som tek ansvar for neste fase. Du må forstå tekniske problemstillingar og sjå samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje.
Du kan vere dagleg leiar i dag, eller vere teknisk sjef, produksjonssjef eller prosjektleiar – og vere klar for meir ansvar enn tittelen din gir. Det er viktig at du kan omsetje tekniske løysingar til produkt og leveranse som skapar forteneste for selskapet.
54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20?
Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg.
Du har truleg ein god jobb alt. Bra. Me er ikkje ute etter nokon som berre treng ein ny.
Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Og me leitar ikkje etter ein klassisk administrator.
Helst er du ingeniør. Men endå viktigare: Du tenkjer som ein.
Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok. Den skal kunne produserast, leverast – og prosjektet skal tene pengar.
Men vitnemålet åleine interesaer oss lite. Det er kva du har vist at du kan få til som tel.
Du treng ikkje ha bestemt deg for å byte jobb.
Det held at du byrjar å lure på om du burde.
Narve Gjeraldstveit
Gjeraldstveit Mekaniske AS har arbeidd med stål sidan 1972 og har gjennom to generasjonar utvikla seg frå tradisjonelt stålarbeid til ein moderne leverandør av stålkonstruksjonar og spesialløysingar.
Selskapet har eigen ingeniørkompetanse og arbeider med prosjekt innan mellom anna samferdsel, kunst og kultur, energi, teknologi og produksjon, trapper og rekkverk og andre stålkonstruksjonar.
Prosjektering, produksjon og montasje heng tett saman, med korte avstandar mellom dei som utviklar løysingane og dei som byggjer dei.
Gjeraldstveit Mekaniske AS er ein del av Gjeraldstveit-konsernet.