Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stødt Bar & Scene i Ørsta søkjer ein engasjert dagleg leiar til å ta ansvar for den daglege drifta, økonomi og personale. Du vil leie og koordinere komplekse arrangement, vere ein nøkkelkontakt mellom styret og lokalsamfunnet, og legge til rette for eit variert kultur- og utelivsprogram.
Stillinga krev evne til sjølvstende, god planlegging og evne til å skape gode relasjonar med aktørar i kulturlivet. Arbeidstida varierer med opningstider og arrangement, og du får høve til å forma ein møtestad i
Vil du ha ei sentral rolle i eit levande kultur- og utelivsmiljø?
Stødt Bar & Scene søkjer ein engasjert og sjølvstendig dagleg leiar i 100 % fast stilling.
Stødt Bar & Scene har ei sterk lokal forankring og er ein viktig møteplass for musikk, kultur og sosialt fellesskap i Ørsta. Verksemda samarbeider tett med lokalt kulturliv, ideelle organisasjonar og frivillige krefter.
Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i den vidare utviklinga av Stødt. Du får det overordna ansvaret for drift, økonomi, personaloppfølging og arrangement. Du samarbeider med og rapporterer til styret i Stødt AS.
Dagleg leiar har det overordna ansvaret for den daglege drifta av Stødt, inkludert økonomi, personaloppfølging og arrangementsverksemd. Stillinga kombinerer administrative oppgåver med arbeid i den daglege drifta i opningstida. Du leier og koordinerer medarbeidarar på timebasis og samarbeider tett med aktørar i det lokale kulturlivet, samt styret i Stødt AS.
Arbeidstida er variert og følgjer i stor grad opningstider og arrangement, med arbeid på ettermiddag, kveld og i helger.
Vi ønskjer at du har:
Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Vi ser etter deg som:
www.stodt.no
Velkomen som søkjar!