Dagleg leiar

Arbeidsplassen

Førde

On-site

NOK 1,200,000 - 1,800,000

Full time

14 days+
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

SpareBank 1 Sogn og Fjordane søkjer ein dagleg leiar som kan samle eit sterkt fagmiljø og vidareutvikle eit av dei leiande eigedomsmeklarselskapa på Vestlandet. Stillinga krev leiarevner, strategisk teikningskraft og evne til å skape felles kultur på tvers av kontor.

Du vil ha overordna ansvar for drift, resultat og vidare utvikling, og rapportere til direktør for kunde og marknad. Sentrale oppgåver er å leie gjennom endring, styrke kultur og organisasjonsutvikling i ei tid med vekst og oppkjøp.

Qualifications

  • Har erfaring med å leie organisasjonar gjennom endring, vekst eller integrasjon.
  • Evnar å byggje kultur, samhandling og felles retning på tvers av einingar.
  • Er trygg i rolla som leiarutviklar og lagbyggjar.
  • Kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt mål og prioriteringar.
  • Har høgare utdanning på minimum bachelornivå.

Responsibilities

  • Leie drift, resultat og vidare utvikling av selskapet.
  • Leie eit selskap i endring og bidra til å realisere gevinstane av vekst og oppkjøp.
  • Samle organisasjonen, utvikle kultur og arbeidsformer på tvers av kontor og geografiske områder.
  • Rapportere til direktør for kunde og marknad og arbeide tett med styre, eigarar og leiarmiljø.

Skills

Ledelse
Endringsledelse
Kulturbygging
Kommunikasjon
Resultatfokus

Education

Bachelorgrad eller høyere utdanning

Job description

Er du leiaren som kan samle sterke fagmiljø og skape vidare vekst?

Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane er eit veletablert selskap med ein sterk marknadsposisjon og ei lang historie på Vestlandet. No står selskapet framfor ei spennande utvikling med vidare vekst gjennom oppkjøpet av eit større eigedomsmeklarmiljø i Bergen. I den samanhengen søker vi ein dagleg leiar som skal samle eit sterkt fagmiljø, bygge ein felles kultur og vidareutvikle eit av dei leiande eigedomsmeklarselskapa på Vestlandet.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, resultat og vidare utvikling av selskapet. Du skal leie eit selskap i endring og bidra til å realisere gevinstane av vekst og oppkjøp. Ei viktig oppgåve vil følgeleg vere å samle organisasjonen, utvikle kultur og arbeidsformer på tvers av kontor og geografiske områder.

Vi ser difor etter ein leiar som kan kombinere kommersiell kraft med god menneskeleiing. Du byggjer tillit, set retning og får folk til å lukkast saman. Du er tydeleg når det trengst, samlande når det betyr mest, og trivst med å utvikle både leiarar, medarbeidarar og organisasjonar.

Vi ser etter deg som har erfaring frå leiing av større fagmiljø eller kunnskapsverksemder, og som kan vise til resultat gjennom andre. Du forstår korleis kultur, organisering og leiarskap påverkar prestasjonar, kundetilfredsheit og lønsemd.

For å lukkast i rolla trur vi at du:

  • har erfaring med å leie organisasjonar gjennom endring, vekst eller integrasjon
  • evnar å bygge kultur, samhandling og felles retning på tvers av einingar
  • er trygg i rolla som leiarutviklar og lagbyggjar
  • kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt mål og prioriteringar
  • har høgare utdanning på minimum bachelornivå

Erfaring frå eigedomsmekling er ein fordel, men vi er først og fremst opptekne av dokumenterte resultat innan leiing, forretningsutvikling og organisasjonsutvikling.

Kvifor søkje?

Dette er ei moglegheit til å leie og videreutvikle eit av dei største eigedomsmeklarmiljøa på Vestlandet i ei tid med store moglegheiter. Du får ansvar, påverknad og handlingsrom til å forme både organisasjonen, kulturen og den vidare utviklinga av selskapet.

Som del av SpareBank 1 Sogn og Fjordane får du også ta del i attraktive personalordningar, mellom anna medeigarskap gjennom eignekapitalbevis, gode finansielle vilkår og fler e velferdsgode.

Du rapporterer til direktør for kunde og marknad og arbeider tett med styre, eigarar og leiarmiljø om både strategiske og operative spørsmål.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Reiel Haugland eller Regine Gausemel.

Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Dagleg leiar
Dagleg leiar

Reiel Haugland • Sunnfjord

On-site
NOK 1,200,000 - 1,900,000
Personalordningar
Medeigarskap gjennom eigenkapitalbevis
Gode finansielle vilkår
+1
Dagleg leiar
Dagleg leiar

Visere AS • Førde

On-site
NOK 1,100,000 - 1,700,000
Dagleg leiar: bygg kultur, lei vekst og samhandling
Dagleg leiar: bygg kultur, lei vekst og samhandling

Arbeidsplassen • Førde

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Ønsker du en sentral rolle i gjennomføring av salgsoppdrag hos EiendomsMegler 1?
Ønsker du en sentral rolle i gjennomføring av salgsoppdrag hos EiendomsMegler 1?

EiendomsMegler 1 - Midt-Norge • Molde

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Korte beslutningsveier
Gode karrieremuligheter i konsern
Pensjons- og forsikringsordninger
+2
Dagleg leiar: bygg kultur, vekst og samhandling
Dagleg leiar: bygg kultur, vekst og samhandling

Reiel Haugland • Sunnfjord

On-site
NOK 1,200,000 - 1,900,000
Personalordningar
Medeigarskap gjennom eigenkapitalbevis
Gode finansielle vilkår
+1
Kunderådgjevar personmarknad
Kunderådgjevar personmarknad

Ole Aukland • Kinn

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Kunderådgjevar personmarknad
Kunderådgjevar personmarknad

Arbeidsplassen • Florø

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Eigenkapitalbevis første år
Gunstig spareprogram i EK-bevis
Funksjonærlån med god rente
+1
Vekstfokusert Dagleg Leiar – kultur og endring
Vekstfokusert Dagleg Leiar – kultur og endring

Visere AS • Førde

On-site
NOK 1,100,000 - 1,700,000
Er du en motivert eiendomsmegler/eiendomsmeglerfullmektig?
Er du en motivert eiendomsmegler/eiendomsmeglerfullmektig?

Arbeidsplassen • Svolvær

On-site
NOK 550,000 - 850,000
Fastlønn + provisjonslønn
Gode oppdrags- og inntektsmuligheter
Gode vilkår på lån og forsikring
Administrerende direktør
Administrerende direktør

EiendomsMegler 1 Midt-Norge • Trondheim

On-site
NOK 3,000,000 - 4,500,000