Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sørbøvåg Landhandel søker butikksjef til ein av dei finaste stadene i landet. Butikken er sjølstyrt og samarbeider tett med kundane for å skapa trivsel og vekst.
Du har ansvar for dagleg drift, kundetilbod og budsjetter i ei kjensle av ro og sjølvstende. Erfaring frå varehandel og evne til å leie eit lite team vert leia gjennom ei spanande leiarstilling med attraktive arbeidsoppgåver.
Butikksjef som ynskjer det gode livet på landet
Søknadsfrist: Snarest
Kontaktperson:
Roar Nordbø
kjøpmann og eigar
Tlf: 979 62 230
Sørbøvåg Landhandel ligg midt i Nordens største opne gruvelandskap frå Viking-tida, i den idylliske vestlandsbygda Sørbøvåg. Med Åfjorden og majestetiske Lihesten midt i mot, kjent frå 71 grader nord, og vegg i vegg med båthamna og det flotte aktivitetsområdet Hamneparken.
Butikken er ikkje styrt av ein kjede, her bestemmer butikksjefen alt sjølv i tett samspel med kundane. Butikken er digitalisert og har for tida ope 7-24 alle dagar heile året, og er første butikken i Noreg som har fjernbetjent Post i Butikk.
Butikken har pub, butikkbakeri, gjestehamn for båtar og campingplass for bubilar.
Ei spennande leiarstilling på ein trygg og god arbeidsplass med trivelege og varierte arbeidsoppgåver.
Har du erfaring frå varehandel, økonomisk sans, og evne til å jobbe sjølvstendig og målretta, er det store pluss, men det aller viktigaste er at du har:
Godt humør, arbeidslyst, evne til å skape trivsel og eit ynskje om å bu på ein av dei kanskje finaste stadene i landet.
Sørbøvåg Landhandel er ein frittståande daglegvarebutikk i vekst. Butikken er ein del av konsernet Sørbøvåg Senter AS som også driv daglegvarebutikken Bunnpris Lavik og reselivsverksemda FjordKick.