Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Joker Bellingen søkjer butikkmedarbeidar for ein mellombels deltidsstilling fram til 1. februar 2028. Butikken er open alle dagar og du vil vere med på store delar av daglegvarehandelen.
Arbeidsoppgåvene inkluderer kundebehandling, varepåfylling, disk og stasjonering, samt å bidra til eit godt lokalsamfunn. Du blir ein viktig del av laget og må like å vere i bevegelse og møte kundar med eit smil.
Joker Bellingen søkjer butikkmedarbeidar. Stillinga er ei mellombels deltidsstilling med varigheit fram til 1. februar 2028.
Slagordet vårt er Joker – Den gode naboen. For oss handlar det om meir enn å selje daglegvarer. Ein god nabo bryr seg, hjelper til og bidreg til eit godt lokalmiljø.
No ser vi etter deg som vil vere med på laget vårt og gi kundane den gode Joker-opplevinga – kvar dag.
Hos oss er ingen dagar heilt like. Vi har ikkje eigne avdelingar, så du får jobbe i heile butikken og lære litt av alt.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
Her er det alltid noko å gjere, så du må trivast med ein aktiv arbeidsdag og vere klar for både mange skritt og tunge løft.
Som ein del av «Den gode naboen» håpar vi at du likar menneske og synest det er kjekt å gi god service. Du møter kundane med eit smil, hjelper til når det trengst og samarbeider godt med kollegaene dine.
trivst med fysisk arbeid og kan ta i eit tak
kan arbeide sjølvstendig og sjå kva som må gjerast
Har du erfaring frå daglegvare, butikk eller liknande arbeid, er det ein fordel – men det er ikkje eit krav. Det viktigaste for oss er kven du er, at du har lyst til å lære, og at du likar å stå på.