Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Firda Billag Buss AS søker sjåfør til køyreoppdrag i Stryn, Selje og Nordfjordeid. Vi tilbyr faste stillingar og spennande oppdrag i eit aktivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Du må ha førarkort klasse D og YSK, vere ansvarleg, og leggja vekt på tryggleik. Vi tilbyr pensjons- og forsikringsordningar og eit sterkt, sosialt team.
Firda Billag Buss ser etter deg som ynskjer å jobbe som sjåfør i Stryn, Selje og Nordfjordeid! Og du, har du kun C eller CE - sjå her!
Vi tilbyr faste stillingar, men ynskjer du deltid eller tilkalling er det og ein mogelegheit. Vår busspark er heilt ny, så du vil få godt moderne utstyr å jobbe med.
Trivst du i eit aktivt miljø, vil du vere vårt ansikt utad, har godt humør og vil vere ein del av vårt gode arbeidsmiljø - då må du søke.
Firda Billag Buss er ein av dei mest tradisjonsrike og framtidsretta transportaktørane i Vestland. Med røter som strekkjer seg over 100 år tilbake, og eit sterkt engasjement for tryggleik, kvalitet og gode reiseopplevingar, er vi eit selskap som både tek vare på historia og driv utviklinga vidare. Hos oss møter du eit fagmiljø som står støtt, eit arbeidsmiljø som løftar kvarandre, og ein organisasjon som set menneska – både tilsette og passasjerar – først.