Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Mare Safety AS i Ulsteinvik søker ein strukturert og løysingsorientert Teknisk sjef som vil få ei sentral rolle i utvikling av nye prosjekt, frå idear og skissar til ferdig levert båt. Du blir involvert frå konseptutvikling og designfase og følgjer prosjekta gjennom konstruksjon, produksjon og levering.
Stillinga inkluderer arbeid som teknisk støtte for salgsavdelinga gjennom utarbeiding av tekniske spesifikasjonar, løysingsbeskrivingar og kalkylar frå idéfase til kontraktsinngåing.
Mare Safety er ein leiande aktør innan utvikling og bygging av spesialbåtar til mellom anna offshore, havbruk, redningstjeneste og offentlig sektor.
Frå våre lokale i Ulsteinvik designar, utviklar og bygger vi spesialtilpassa båtløysingar til kundar over heile verda.
For å styrke organisasjonen vår søkjer vi no ein strukturert og løysingsorientert Teknisk sjef som vil få ei sentral rolle i utviklinga av nye prosjekt, frå dei første ideane og skissene på teiknebrettet til ferdig levert båt.
Du vil bli involvert heilt frå konseptutvikling og designfase, og følgje prosjekta vidare gjennom konstruksjon, produksjon og levering.
Stillinga vil vere ei sentral teknisk støtte for salsavdelinga gjennom utarbeiding av tekniske spesifikasjonar, løysingsbeskrivingar, kalkylar og anna prosjektunderlag - frå idéfase til kontraktsinngåing.
Dette er ei nøkkel rolle for deg som trivst med ansvar, har god teknisk forståing og evne til å koordinere fleire prosjektløp samtidig
Erfaring med CAD vil vere ein fordel
Ei sentral rolle i eit selskap i vekst
Ein variert og utfordrande arbeidskvardag med stor moglegheit til å påverke eigne arbeidsoppgåver og bidra til vidare utvikling av selskapet
Mare Safety er ein leiande aktør innan utvikling og bygging av spesialbåtar til mellom anna offshore, havbruk, redningstjeneste og offentlig sektor.
Frå våre lokale i Ulsteinvik designar, utviklar og bygger vi spesialtilpassa båtløysingar til kundar over heile verda.