Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Medisinsk mikrobiologi ved Haugesund sjukehus søker overlege i medisinsk mikrobiologi. Vi auker opp til 3 overlegestillingar og ser etter kunnskapsrike fagpersonar som bidreg til fagutvikling og godt teamarbeid.
Du må ha norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i medisinsk mikrobiologi, samt relevant sjukehuserfaring. Arbeidsstad er Karmsundsgata 120 i Haugesund, og søknadsfrist er 31.12.2026.
Er du vår nye overlege innan medisinsk mikrobiologi? No styrkar vi teamet vårt og auker opp til 3 overlegestillingar. Visøkjer deg som har interesse for fagutvikling og teamarbeid. Legar under siste del av spesialisering er oppmoda til å vise interesse.
Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Medisinsk mikrobiologi flytta i 2021 inn i nye og moderne lokaler, og er ein triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø og totalt 14 tilsette i drift, samt 2 overlegar pr dags dato. Vi har tatt i bruk ny avansert teknologi med stor grad av automasjon og digitale løsninger, og er i stadig utvikling.
Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.Byen har eit rikt liv med flere festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing.Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane.
Hos oss er det viktig at du:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Rita Danielsen Tyse,Funksjonsleiar,+47 53491094, rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no
Karmsundsgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5196893609
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026