A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Langvatn Trafikkskule AS søker to trafikklærarar i 100% stilling for både personbil og tungt kjøretøy. Dei er ute etter deg som er godkjent trafikklærer, engasjert og flink til å undervise, og som møter elevane med eit smil og respekt.
Du vil arbeide sjølvstendig i eit team med fokus på variert undervisning og høg kvalitet på opplæringa. Språkkompetanse i engelsk er ein fordel, og arbeidskvardagen kan vere hektisk, men utviklande.
MORKAMYRA 15, 6105 Volda, Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Ulstein, Volda, Møre og Romsdal, Ørsta, Stad, Stryn
Langvatn Trafikkskule AS er i vekst, og vi treng to trafikklærarar i 100% stilling for både personbil og tunge køyretøy.
Hos oss handlar det ikkje berre om å lære folk å køyre. Vi skal gi elevane kunnskap, tryggleik og meistring - og gjerne eit smil på vegen.
"Ta lappen med eit smil" er mottoet vårt, og det seier mykje om miljøet vi ønskjer å skape her hos Langvatn Trafikkskule.
Vi ser etter deg som er ein trygg og engasjerande trafikklærar, og som likar å få andre til å lykkast.
er godkjent trafikklærar for personbil og tunge køyretøy
er engasjerande, utadvent og glad i å undervise
møter elevane med eit smil, tolmod, godt humør og respekt
arbeider sjølvstendig, men også trivst som ein del av eit team
meistrar engelsk
trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidsdag
Dersom du ønskjer ein jobb der du får møte mange ulike menneske, bruke fagkompetansen din og vere med på å gi andre meistring og sjølvtillit bak rattet, håper vi du tek kontakt.
Langvatn Trafikkskule AS - Tal lappen med eit smil!
Hos oss kan du derfor få ein arbeidskvardag med stor variasjon - og moglegheita til å bruke kompetansen din på fleire område.
Hos Langvatn Trafikkskule får du ein variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å bruke og utvikle kompetansen din.
100% fast stilling i ein trafikkskule i vekst
ein variert arbeidskvardag med både personbil og tunge køyretøy
arbeide med dyktige og engasjerte kollegaer i eit positivt og fagleg sterkt miljø
moglegheit til å bidra i både praktisk og teoretisk undervisning
faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling
ein arbeidsplass der du bokstaveleg talt har fjell og fjord som utsikt frå arbeidsplassen
Dagleg leiar Hans Ivar Langvatn har drive med trafikkopplæring sidan 1997 - både på personbil og lastebil, i tillegg til å ha arbeidd som yrkessjåfør i 10 år før det. Slik har han opparbeidd seg brei erfaring til å gi elevane best mogleg utbytte av opplæringa.
Trafikkskulen har låg strykprosent, og er ein svært ettertrakta aktør spesielt knytt til opplæring på tunge køyretøy, ADR-kurs og sikkerheitsrådgjeving.