Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF i Volda søkjer bioingeniør til eit 100% vikariat i grunnstilling frå januar 2027 til august 2028. Stillinga er tilknytt seksjonen og krev kvelds-/natt- og helgearbeid. Søkjarar vert oppmoda om å søkje for å byggje bred fagleg erfaring innan medisinsk biokjemi og blodbank.
Du vert ein del av eit inkluderande fagfellesskap prega av samarbeid og fagleg nysgjerrigheit. Arbeidet skjer ved medisinsk biokjemi og blodbank i Volda, mellom anna i klinisk kjemi og
Ønskjer du ein spennande og utfordrande jobb i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og varierte arbeidsoppgåver innen medisinsk biokjemi og blodbank?
Vi har no ledig eit 100% vikariat som bioingeniør i grunnstilling for perioden januar 2027 til august 2028.
Stillinga inngår i seksjonen sin turnus, og det må påreknast kvelds-, natt- og helgearbeid. Vi oppmodar særleg nyutdanna bioingeniørar om å søkje, då Volda sjukehus gir gode moglegheiter til å byggje brei fagleg erfaring innen medisinsk biokjemi og blodbank.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda er stolte av eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og kollegaer som stiller opp for kvarandre. Som bioingeniør hos oss vert du raskt ein del av eit inkluderande fagfellesskap der kunnskapsdeling og trivsel står sterkt.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har 16 stillingar og om lag 19 tilsette. Seksjonen samarbeider tett med laboratoriemiljø ved dei andre sjukehusa i føretaket og tilbyr tenester innen klinisk kjemi, hematologi/koagulasjon og blodbank.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Joar Ulstein,Seksjonsleiar,joar.ulstein@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103Volda