Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer bioingeniør II ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Stillinga er 100% fast og knytt til fagområdet PNA og urinundersøkingar i ei ny og moderne avdeling med automatiserte analysar.
Du inngår i eit tredelt turnus og blir støttespelar for fagbioingeniør, med fokus på kvalitetssikring og vidareutvikling. Arbeidet krev nytenkning og godt tverrfagleg samarbeid.
Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal.
Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Herhos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkandenytt!
Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge.
Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet.
Vi er opptatt av å planleggeslik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov.
Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Marit Sivertsen,Seksjonsleiar,marit.sivertsen@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5189497704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026