Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Gulen kommune søker ein engasjert vikarierande biblioteksjef i inntil 50% vikariat frå november 2026 til medio oktober 2027. Bibliotektenesta skal stille bøker og andre medier til rådigheit for innbyggjarane og bidra til kunnskap, utdanning og andre kulturelle aktivitetar.
Bibliotektenesta er i utvikling og hovudbiblioteket ligg i Eivindvik, med filialar. Som vikarierande biblioteksjef vil du vere med i utviklingsarbeidet og legga til rette for ein god prosess.
Stillingstittel Biblioteksjef, i inntil 50% vikariat frå nov. 2026 - okt. 2027
Gulen kommune søkjer ein engasjert og initiativrik vikarierande biblioteksjef. Det vert ledig i inntil 50% vikariat kring november 2026 til medio oktober 2027. Biblioteksjefen skal, saman med bibliotekmedarbeidarane i Gulen kommune, stille bøker og andre medier til rådigheit for innbyggjarane. Biblioteket skal bidra til kunnskap, utdanning og andre kulturelle aktivitetar, samt vere ein offentleg arena og møteplass.
Bibliotektenesta i Gulen kommune er i utvikling og me jobbar med lokasjon for hovudbiblioteket og utvikling av noverande filial. Som vikarierande biblioteksjef vil du vere med i dette utviklingsarbeidet og legge til rette for ein god prosess. Gulen kommune har desentralisert bibliotekteneste. Hovudbiblioteket ligg i kommunesenteret Eivindvik, og det er filialar i skulekrinsane Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Det er eigne bibliotekmedarbeidarar ved filialane. Biblioteksjefen har kontor i Eivindvik, og er organisert under sektor oppvekst og kultur og eining kultur og mangfald. Som vikarierande biblioteksjef vil ein ha tett samarbeid med einingane i sektoren, noko som skapar godt tverrfagleg samarbeid.
Noko kveldsarbeid må påreknas
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Eining helse. Tilsetjing fastlegar i Gulen kommune
Sone BBD. Tilsetjing sjukepleiar, vikariat/fast frå etter avtale